Ua er i irske slektsnamn ein variant av O', som betyr 'barnebarn av' eller 'etterkomar av', for eksempel i namnet Ua Briain (no «O'Brien») etter stamfaren Brian Boru.
I engelske former av namna brukar ein berre O' eller utelet det, for eksempel i engelsk O'Murphy eller berre Murphy, frå irsk Ó Murchú eller Ua Murchú.