FRÅ ALLKUNNE:
Sjur Lothe, handelsmann, skipsreiar og forfattar. Han var den store diktaren i Haugesund før Kolbein Falkeid.
Sjur Lothe var fødd i Haugesund 22. november 1893 og døydde same staden 27. august 1972. Han tok handelsgymnas i Bergen i 1911 og arbeidde deretter i faren sin skipshandel, som han seinare overtok og dreiv under firmanamnet Sjur Lothe & Co 1929–1964. Saman med broren dreiv han òg reiarlaget Sjur og Johs. Lothe frå 1916 til 1932. Dessutan hadde han fleire sentrale verv innanfor foreiningsliv, næringsliv og politikk. Han og broren var svært aktive i jobbetida under første verdskrigen (1914–18). Det var då dei skipa reiarlaget, og dei kjøpte jamvel ein herregard i Jarlsberg (Vestfold) for 175 000 kroner, ei investering tilsvarande 5–6 millionar kroner i dag. Lothe er mest kjend som forfattar. I perioden frå 1928 til 1938 skreiv han fem romanar om skipshandel og fiske i oppgangs- og nedgangstider i ein liten by på Vestlandet (les: Haugesund), tema som blir uttrykte i titlar som Byen og banken (1927) og Brogård & Co (1928). Men etter andre verdskrigen skifta forfattarskapen karakter. No skreiv han kulturhistoriske romanar om korleis byen utvikla seg frå strandstad til ladestad. Han skreiv òg fem drama. To av dei var på nynorsk, og dei hausta størst lykke. Høyrespelet På veg mot målet (1951) blei sendt i NRK. Den største suksessen, skodespelet Herborg og Vigleik (1954), framførte Det Norske Teatret til saman 64 gonger på turné og på hovudscenen. Det blei òg sendt som høyrespel i NRK. Lothe er heidra med ein statue utanfor Haugesund Folkebibliotek. Litteratur Tor I. Vormedal: Kim va det? Kjente avdøde haugesundere . Haugesund 2008
---
var en norsk forfatter og skipsreder. Av hans fortellinger kan nevnes Byen og banken (1927), Det blir aldri som før (1938) og trilogien Underveis, Mot målet og Den nye dag (1949–1952), som foregår i 1830-årene. Bøkene gir underholdende folkelivsbilder fra vestlandsk småbymiljø.