Versj. 13
Denne versjonen ble publisert av Autokorrektur 19. november 2021. Artikkelen endret 18 tegn fra forrige versjon.

Imperfektum er eit eldre namn på enkle fortidsformer av verbet, som kjøpte og forsvann, former som vi no kallar preteritum. Imperfektum blir i dag brukt om verbformer utan hjelpeverba ha eller vere, som kjøper/kjøpte og forsvinn/forsvann,i motsetnad til har/hadde kjøpt og er/var forsvunnen.

I tradisjonell latin grammatikk blir termen imperfektum nytta om bøyingsformer av verbet som uttrykkjer ei uavslutta handling i fortid, det vi i dag kallar imperfektiv preteritum:

  • Romani multos deos colebant 'Romarane (Romani) tilbad (colebant) mange (multos) gudar (deos)'

Latinske verb har også ei anna fortidsform, som i tradisjonell grammatikk blir kalla perfektum. Denne forma uttrykkjer ei avslutta, fullført handling, det vi i dag kallar perfektiv preteritum:

  • In principio creavit Deus caelum et terram 'I opphavet (in principio) skapte (creavit) Gud (Deus) himmelen (caelum) og (et) jorda (terram)'

Den tradisjonelle tysk-nordiske grammatikken tilpassa terminologien frå latinske grammatikkar til tysk og dei nordiske språka. Termen imperfektum blei teke i bruk om den enkle fortidsforma kjøpte, forsvann, tilbad, skapte og så bortetter. Termen pefektum blei derimot teken i bruk om former med hjelpeverba ha eller vere i presens, som i ho har kjøpt seg ny bil og har er forsvunnen.

I moderne grammatikkar blir som nemnt den enkle fortidsforma kalla preteritum, mens termen imperfektum blir nytta om verbformer utan hjelpeverba ha eller vere, som vist i denne tabellen:

moderne grammatikk tradisjonell tysk-nordisk grammatikk former
presens imperfektum presens kjøper
preteritum imperfektum imperfektum kjøpte
presens perfektum perfektum har kjøpt
preteritum perfektum pluskvamperfektum hadde kjøpt

Imperfektum og perfektum i moderne grammatikk uttrykkjer ein skilnad i retrospektivitet, av det latinske verbet retrospicere 'sjå seg tilbake'. Imperfektum-formene beskriv kva som skjer på eit særskilt tidspunkt. Perfektum-formene beskriv ein tilstand som er resultatet av ei tidlegare handling. Sjå på desse to setningane:

  1. Preteritum imperfektum: Eg mista kniven min i elva.
  2. Presens perfektum: Eg har mista kniven min.

Setning 1 fortel om noko som skjedde på eitt eller anna tidspunkt i fortida. Setning 2 fortel om ein tilstand i notida som er eit resultat av noko som skjedde i fortida.