Eit molekyl er to eller fleire atom som er bunde saman til ei eining av kjemiske bindingar. Samlinga må vere elektrisk nøytral, altså ikkje ha nokon elektrisk ladning, og bindingane til alle atoma må vere brukt. Stoff som er bygget av molekyl blir kalla molekylsamband.
Viss samlinga av atom har ein elektrisk ladning, blir samlinga kalla eit ion. Stoff som er bygget av ion blir kalla salter. Er nokre av bindingane ikkje teke i bruk blir samlinga kalla eit radikal.
Døme på molekyl
- Oksygenmolekylet består av to like atom av grunnstoffet oksygen, det gir molekylformel O2.
- Ozonmolekylet består av tre oksygenatom, O3.
- Vassdamp, vatn og is består alle av vannmolekyl med to atom av hydrogen og eitt atom av oksygen, H2O.
- Eddiksyre består av grunnstoffa karbon, hydrogen og oksygen, og har molekylformel CH3COOH. Strukturen av eddiksyremolekylet er vist i figuren.
Store og små molekyl
Storleiken på molekyl varierer frå molekyl som består av to atom til protein og andre makromolekyl som består av fleire tusen atom.
I dag er strukturen (forma) til svært mange molekyl kjent i detalj. Sjå samband og isomer.
Historie
Molekyl (som betyr liten masse) og atom (som betyr udeleleg) er fleire hundre år gamle omgrep, men utan at nokon visste kor små dei er. Først på byrjinga av 1800-talet vart omgrepa for alvor teke i bruk i vitskapen. To pionerar var John Dalton og Amadeo Avogadro. Dalton foreslo relative atommassar av nokre grunnstoff der atomvekta til hydrogen vart sett til 1. Avogadro foreslo nokre år seinare at i to gassar av to ulike stoff var det like mange molekyl når volum, trykk og temperatur var dei same i begge gassane. Dette vart førti år seinare kalla avogadroloven.
Men framleis viste ingen kor små molekyl er. Det kom først mot slutten av 1800-talet, men først på 1900-talet kom det metodar (røntgendiffraksjon og massespektrometer) som gjorde at strukturen av molekyl kunne avgjerast i detalj og massen av atom kunne avgjerast nøyaktig.