Versj. 9
Denne versjonen ble sendt inn av Jon Grepstad 29. april 2022. Innsenders kommentar til endringsforslaget: «Frå Allkunne. Skal erstatte SNL-artikkelen.». Den ble godkjent for videre bearbeding 29. april 2022. Artikkelen endret 6504 tegn fra forrige versjon.

Frå Allkunne:

Olav Dalgard, sosialistisk kulturarbeidar, teatermann, filmskapar og litteraturkritikar. Han skreiv den første større teaterhistoria på norsk og det første norske filmteoretiske arbeidet.

Olav Dalgard, opphavleg Olaf Hanssen, var fødd 19. juni 1898 i Folldal, voks opp i Oppdal og døydde i Bærum 25. desember 1980. Han tok examen artium ved Voss landsgymnas i 1920 og magistergraden i litteratur- og kunsthistorie ved Universitetet i Oslo i 1929. Frå 1931 var Dalgard litterær konsulent for Det Norske Teatret. Han hadde denne stillinga i 48 år. Han arbeidde òg med film, og frå 1935 laga han fleire filmar for arbeidarrørsla. 1930–31 var han journalist i landsmålsavisa Den 17de Mai med litteratur og teater som spesialfelt. Seinare vart han litteraturmeldar i Dagbladet, og etter krigen i Arbeiderbladet. Frå 1961 hadde han statsstipend. Dalgard var formann for Norske filmprodusenters landsforening 1946–47 og medlem av Statens Filmråd frå 1947. 1952–58 var han styremedlem og leiar for Norsk Folkekunstlag og 1953–55 formann i Norsk litteraturkritikerlag. Han var medlem av det litterære rådet i Den norske Forfatterforening 1964–70 og president i Human-Etisk Forbunds Råd 1965–77. I studietida var han aktiv i Sosialistisk studentforening og Mot Dag. Då Studentmållaget i 1923 starta bladet Fram, vart Dalgard redaktør og sat i stillinga til eit stykke inn i 1925. Hausten 1925 var han leiar for Studentmållaget. Dalgard gav ut om lag 15 bøker, bøker om teaterhistorie og film, om diktarar, ein sjølvbiografi i to band og ei diktsamling med emne frå den tida han sat i tysk fangeskap på Grini og i Sachsenhausen. På eldre dagar skipa han Olav Dalgards kritikarpris. Prisen blir delt ut Norsk kritikerlag. I 1978 vart han tildelt Norsk kulturråds ærespris. Teatermannen Dalgard tok over etter Oskar Braaten som litterær rådgivar for Det Norske Teatret i 1931 og var knytt til teateret i 48 år. Han var òg instruktør for nokre stykke, mellom anna for Tore Ørjasæters Christophoros i 1948. Ved 40-årsleitet til teateret i 1953 gav han ut eit jubileumsskrift, Det Norske Teatret 1913–1953 . Teaterkunsten møtte Dalgard som gymnasiast på Voss. Men særleg viktig for utviklinga hans som teatermann og filmskapar var den internasjonale teaterkongressen i Moskva i 1933, der han deltok som spelemann for det kommunistiske ungdomslaget i Oslo. Då han kom heim, skreiv han boka Sosialt teater, som kom ut same året. I arbeidarrørsla starta han teatergruppa Rødt Lys, og andre teatergrupper følgde etter. Eit viktig element i dei agitatoriske stykka var talekoret, «tramgjengen». I 1948 gav Dalgard ut den første større teaterhistoria på norsk, Teatret frå Aiskylos til Ibsen . Han følgde opp i 1955 med Teatret i det 20. hundreåret . Han var førelesar i teaterhistorie og dramaturgi ved Statens Teaterskole og ved Institutt for teatervitskap ved Universitetet i Oslo, og i 1972 kom boka Europeisk teater frå antikken til realismen , bygd over førelesingar han heldt ved universitetet i åra1958–68 . Filmskaparen Etter Moskva-turen i 1933 melde Dalgard seg inn i Arbeidarpartiet. To år seinare, i 1935, var han tilbake i Moskva med teaterstipend frå Oslo by. Denne gongen studerte han også film. I åra som kom, markerte han seg som leiande sosialistisk filmskapar. Han hadde alt laga stumfilm, og i 1935 kom den første talefilmen, Samhold må til , med emne frå rallarlivet og med talekor som i dei agitatoriske teaterstykka. Dei to neste åra følgde Vi bygger landet og By og land, hand i hand , begge retta mot arbeidsløysa. I 1938–39 kom Det drønner gjennom dalen , der temaet er ein arbeidskonflikt, familiedramaet Lenkene brytes og Gryr i Norden, ein film om fyrstikkarbeidarstreiken i 1889. Etter krigen laga han nye filmar, Om kjærlighet synger de og Vi vil leve , den første spelefilmen med stoff frå krigstida og den einaste i norsk filmhistorie med scener frå fangelivet på Grini. I 1950 fekk Dalgard stipend for å studere film i utlandet. Året etter gav han ut det første norske filmteoretiske arbeidet, Filmskuespillet . Han medverka til skipinga av Norsk filminstitutt i 1956 og var medlem av Statens filmråd. Forfattaren og litteraturkritikaren I 1945 gav Dalgard ut diktsamlinga Gjennom mørkret med emne frå åra 1942–45, då han sat i tysk fangeskap på Grini og i Sachsenhausen. Posthumt i 1981 kom Spell-Ola. Drama i to akter på Røros-dialekt . I 1926 hadde han gitt ut Den nye landsmålslyrikken i utval , og året etter han døydde, kom Fem norske lyrikarar , ei lita bok om Tore Ørjasæter, Olav Aukrust, Kristofer Uppdal, Olav Nygard og Aslaug Vaa. Han skreiv eller redigerte fleire kunstnarbiografiar, Lars Tvinde (1966), Inge Krokann (1970), Olav Duun (red. 1976), Kristofer Uppdal (red. 1978) og Kunst og kunstnarar frå Oppdal i gammal og ny tid (red. 1979). Han gav ut tredje bandet av Anton Aures Nynorsk bokliste , som kom i 1926 . 1945–1960 var han litterær konsulent for Norges Boklag, der han i mange år også sat i styret. I det nynorske forfattarlaget Norsk Bokmannslag vart han den siste leiaren (1963–80). Livsminna gav han ut i to band i 1973 og 1978 under tittelen Samtid . Kjelder Olaf Almenningen mfl. (red.): Studentar i målstrid. Studentmållaget 1900–2000 . Oslo 2003Carl Ludvig Bommen (red.): Studentene fra 1920 . Oslo 1970 Trygve Bull: Mot Dag og Erling Falk . Oslo 1955 Olav Dalgard: Europeisk drama frå antikken til realismen . Oslo 1972 Olav Dalgard: Fem norske lyrikarar . Oslo 1981Olav Dalgard: Gennom mørkret. Dikt frå fangelægret. Oslo 1945 Olav Dalgard: Samtid. Politikk, kunstliv og kulturkamp i mellomkrigstida . Oslo 1973 Olav Dalgard: Samtid II. Krig og etterkrigsproblem. Oslo 1978 Olav Dalgard mfl. (red.): Studentmållaget 50 år . Oslo 1952 Olav Dalgard: Teatret frå Aiskylos til Ibsen . Oslo 1948 Olav Dalgard: Teatret i det 20. hundreåret. Oslo 1955Gunnar Iversen: Norsk filmhistorie . Oslo 2011 Kari Gaarder Losndahl: «Dalgard, Olav». Norsk biografisk leksikon . Bd. 2. Oslo 2000Dag Lutro: «Olav Dalgard». Film & kino , 1/1981Nils Johan Ringdal: Ordenes pris. Den norske Forfatterforening 1893–1993 . Oslo 1993 Sigmund Skard og Åse Gruda Skard: Menneske vi møtte . Oslo 1985

Nils Sletbak (red.): Det Norske Teatret 1913–1963. Oslo 1963Sigvart Tøsse: Kunnskap til makt. Politisk opplysningsarbeid i norsk arbeidarrørsle frå 1880-åra til 1940. Oslo 1998Nils Klevjer Aas: Olav Dalgards norske arbeiderfilmer. Oslo 1989

----------------------------------------

var en norsk forfatter, teaterinstruktør og regissør av både teater og film.

Dalgard arbeidet på Det Norske Teatret som konsulent og oversetter, ved enkelte anledninger også som instruktør. Han viste stor interesse for sosialt teater, og som instruktør var han modernistisk innstilt. I 1930-årene regisserte han en rekke filmer for arbeiderbevegelsen, både valgkampfilmer og spillefilmer med motiv fra arbeiderbevegelsens historie. Mest kjent er Gryr i Norden (1939), med handling fra fyrstikkarbeiderstreiken.

Olav Dalgard skrev det første norske filmhistoriske og -teoretiske verket, Filmskuespillet (1951). Han var også en kyndig litteraturkritiker, først i Dagbladet og etter andre verdenskrig i Arbeiderbladet. Han var formann i Norsk litteraturkritikerlag 1953 og medlem av Den Norske Forfatterforenings litterære råd fra 1963.

Dalgard utgav blant annet Sosialt teater (1936), Gjennom mørkret; dikt frå fangelægret (1945), Teatret frå Aiskylos til Ibsen (1948), Teatret i 20. hundreåret (1955), Det Norske Teatret (1952), Lars Tvinde (1966), Inge Krokann (1970) og Europeisk drama frå antikken til realismen (1972). Erindringsverket Samtid i to bind kom 1973 og 1978.

  • Aas, Nils Klevjer, red.: Olav Dalgards norske arbeiderfilmer, 1989, Finn boken
  • Braaten, Lars Thomas m.fl., red.: Filmen i Norge: norske kinofilmer gjennom 100 år, 1995, isbn 82-417-0195-0, Finn boken