Versj. 31
Denne versjonen ble sendt inn av Trine Kaland 2. mai 2022. Innsenders kommentar til endringsforslaget: «Frå Allkunne. Skal samskrivast av Allkunne-tilsett.». Den ble godkjent for videre bearbeding 2. mai 2022. Artikkelen endret 1232 tegn fra forrige versjon.

Eit molekyl er to eller fleire atom som er bunde saman til ei eining av kjemiske bindingar. Samlinga må vere elektrisk nøytral, altså ikkje ha nokon elektrisk ladning, og bindingane til alle atoma må vere brukt. Stoff som er bygget av molekyl blir kalla molekylsamband.

Molekyla kan variere i storleik og er sette saman av ulike mengder atom. I eit molekyl har kvart einaste atom si bestemte plassering, som er avgjerande for kva type molekyl det er, og eigenskapane til molekylet. For å forstå korleis eit molekyl verkar, treng vi kunnskap om utsjånaden til molekylet.

Viss samlinga av atom har ein elektrisk ladning, blir samlinga kalla eit ion. Stoff som er bygget av ion blir kalla salter. Er nokre av bindingane ikkje teke i bruk blir samlinga kalla eit radikal.

Alle molekyl har eit namn, ein kjemisk formel, som fortel oss kva atom dei består av, og kor mange det er av kvart atom. CO2 er den kjemiske formelen for karbondioksid. C står for eitt karbonatom, og O2 fortel at det er to oksygenatom i molekylet. Når mange molekyl hopar seg saman, blir det til slutt eit synleg stoff, til dømes vatn (H2O). Sidan CO2 og H2O er sette saman av ulike atom, kallar vi dei òg kjemiske sambindingar.

Dei fleste atoma vil fylle opp det yste skalet sitt, difor inngår dei sambindingar med andre atom og dannar molekyl. Hydrogen er det enklaste atomet vi har, og det har atomnummer 1. Atomnummeret til hydrogen fortel oss at hydrogen berre har eitt elektron i det yste skalet, som har plass til to. To hydrogenatom kan dele på elektrona sine. Då får begge hydrogenatoma to elektron i det yste skalet, og skalet er fullt. Desse to hydrogenatoma blir til eitt hydrogenmolekyl (H2).

Storleiken på molekyl varierer frå molekyl som består av to atom til protein og andre makromolekyl som består av fleire tusen atom.

I dag er strukturen (forma) til svært mange molekyl kjent i detalj. Sjå samband og isomer.

Molekyl (som betyr liten masse) og atom (som betyr udeleleg) er fleire hundre år gamle omgrep, men utan at nokon visste kor små dei er. Først på byrjinga av 1800-talet vart omgrepa for alvor teke i bruk i vitskapen. To pionerar var John Dalton og Amadeo Avogadro. Dalton foreslo relative atommassar av nokre grunnstoff der atomvekta til hydrogen vart sett til 1. Avogadro foreslo nokre år seinare at i to gassar av to ulike stoff var det like mange molekyl når volum, trykk og temperatur var dei same i begge gassane. Dette vart førti år seinare kalla avogadroloven.

Men framleis viste ingen kor små molekyl er. Det kom først mot slutten av 1800-talet, men først på 1900-talet kom det metodar (røntgendiffraksjon og massespektrometer) som gjorde at strukturen av molekyl kunne avgjerast i detalj og massen av atom kunne avgjerast nøyaktig.