Versj. 15
Denne versjonen ble publisert av Stine Hovdenakk 8. juni 2022. Artikkelen endret 381 tegn fra forrige versjon.

Zhou Enlai var ein kinesisk politikar. Han var blant dei fremste leiarane i Kinas kommunistparti og i den kommunistiske revolusjonen. Zhou var Kinas statsminister frå 1949 til 1976 og Kinas nest viktigaste politikar i Mao-tida (1949–1976).

Zhou vart fødd i Huai'an, Jiangsu, i ein embetsmannsfamilie, og studerte i Japan. Han var med i den revolusjonære studentrørsla i 1919 og sat eit år i fengsel. I 1920 drog han til Frankrike for å studere. Zhou vart radikalisert under studieopphaldet i Europa i 1920–1924, der han hjelpte til med å byggje opp den europeiske greina av Kinas kommunistparti (KKP). Zhou var gift med Deng Yingchao og saman hadde dei Li Peng som adoptivson.

I 1924 vende han tilbake til Kina, der han vart leiar for det politiske departementet i det berykta Huangpu militærakademi, som hadde ei sentral rolle i samlinga av Kina i 1926–1928. Krigsskulen vart leidd av Chiang Kai-shek, som frå 1925 var leiar av Kuomintang (GMD, nasjonalistane). Zhou vart fjerna i 1926 som del av utreinskinga av kommunistar frå akademiet og Kuomintang.

Etter kommunistane sitt brot med Chiang og nasjonalistane i 1927 organiserte Zhou ei arbeidarreisning i Shanghai, men måtte flykte til kommunistsenteret Wuhan, der han kom inn i politbyrået til partiet. Sidan var Zhou ein etterlyst mann, og i 1931 flykta han til Jiangxi-sovjeten, der han møtte og innleidde eit nært forhold til Mao Zedong.

Under borgarkrigen mellom kommunistar og nasjonalistar var han politisk kommissær ved den raude hærens hovudkvarter i Jiangxi og deltok i «Den lange marsjen» til Yan'an. Gjennom den sentrale rolla i «den lange marsjen» og gjennom å støtte Mao stod han fram som den nest mektigaste personen i Kommunistpartiet og etter kvart i Folkerepublikken.

Zhou leidde i 1936 forhandlingane som førte til samarbeid med Chiang i krigen mot Japan. I åra 1937–1945 var Zhou representanten til kommunistane hos nasjonalistregjeringa i Chongqing, der han i 1946 også forhandla med USA om ein koalisjon mellom kommunistane og nasjonalistane. Borgarkrigen vart likevel gjenoppteken.

Zhou var statsminister i Folkerepublikken Kina frå skipinga etter revolusjonen i 1949, då kommunistane sigra over nasjonalistane. Han beheldt denne posten til han døydde i 1976. Han var såleis ei av få moderate stemmer som kom seg heilskinna gjennom kulturrevolusjonen. Zhou var dessutan utanriksminister til 1958.

Under kulturrevolusjonen i 1966–1968 var Zhou den viktigaste stabiliserande faktoren. Frå 1969 var han medlem av det faste utvalet til politbyrået. Han spelte ei sentral rolle i normaliseringa av forholdet til USA. Zhou var ein framifrå forhandlar.

Zhou blir gjerne rekna som ein heiderleg, dyktig og pragmatisk politikar – ein viktig stabiliserande figur både innanfor og utanfor Kommunistpartiet. Mellom anna spela han ei sentral rolle i begge samarbeidsperiodane mellom KKP og GMD, han var den viktigaste modererande faktoren under kulturrevolusjonen og sørgde for å få oppretta diplomatiske samband mellom Kina og USA i 1972.

Same år vart Zhou diagnostisert med blærekreft. Hans død i 1976, ni månader før Mao, utløyste landesorg, og vart ein viktig katalysator for motstand mot Mao og Firarbanden. Dermed markerte hans død også byrjinga på slutten for kulturrevolusjonen, og var opptakta til «reform og opning»-politikken som forma dagens statskapitalistiske Kina.