Versj. 7
Denne versjonen ble publisert av Vebjørn Sture 23. september 2022. Artikkelen endret 291 tegn fra forrige versjon.

Avling er den delen av kulturplantane som blir hausta og utnytta vidare til menneskemat eller fôr. Storleiken på ei avling blir vanlegvis målt i kilogram per dekar (kg/daa).

Både mengda og kvaliteten på avlinga avgjer kor vellukka ein vekstsesong har vore. Evna jordsmonnet har til å forsyne plantane med næring, klima, lengda på vekstperioden og agronomisk dyktigheit påverkar resultatet. Lengre vekstsesong dei seinare åra på grunn av klimaendringar har ført til større avlingar, men eit varmare, villare og våtare klima har også ført til større risiko for avlingstap.