Versj. 28
Denne versjonen ble publisert av Erik Bolstad 28. desember 2022. Artikkelen endret 48 tegn fra forrige versjon.

Geilo er ein tettstad i Hol kommune i Viken. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 2,8 km², og har 2020 innbyggjarar (2022).

Geilo er eit trafikknutepunkt. Her møtest riksveg 7, som knyter E16 ved Hønefoss til riksveg 13 ved Hardangerbrua og har det kortaste vegsambandet mellom Oslo og Bergen, og fylkesveg 40 som fører over Dagali til Kongsberg og Larvik.

I tillegg til jernbanesamband med Oslo og Bergen har Geilo bussrutesamband mellom anna til Hønefoss, Rødberg i Numedal og Odda i Hardanger.

Geilo er ein svært populær turiststad så vel sumar som vinter, og har mellom anna mange hotell, pensjonat og utleigehytter.

Staden er eit godt utbygd vintersportsstad med mellom anna taubane, fleire skitrekk og skøytebane, og med fleire faste, årlege arrangement sumar og vinter, til dømes vintersportsfest i januar, bidreg dette til Geilos posisjon som eit av dei viktigaste turiststadene i landet.

I tillegg til turisttrafikken set ein stort jern- og metallvareindustri (knivar, ljåar, verktøy og andre jernvarer), og dessutan produksjon av sportsartiklar og suvenirar, sitt preg på næringslivet til staden.

Geilo er elles eit stort handelssenter, ikkje minst på grunn av turisttrafikken. På Geilo har kraftselskapet Ustekveikja Energi AS hovudkontoret sitt.

Tuftebrui over Usteåne like vest for tettstaden er frå 1830 og er freda. På Fetjo ved Ustedalsfjorden på sørsida av tettstaden er det 17 gravhaugar frå vikingtida.

Namnet kjem av dativ fleirtalsform av geil, 'inngjerda krøtterveg'.