Imperfektum er eit namn på finitte verbformer utan hjelpeverba ha eller vere, som kjøper/kjøpte og forsvinn/forsvann,i motsetnad til har/hadde kjøpt og er/var forsvunnen.
I tradisjonell norsk grammatikk blei imperfektum brukt om det vi no kallar preteritum, som kjøpte og forsvann.
Historikk
I tradisjonell latinsk grammatikk blir termen imperfektum nytta om bøyingsformer av verbet som uttrykkjer ei uavslutta handling i fortid, det vi i dag kallar imperfektiv preteritum:
- Romani multos deos colebant 'Romarane (Romani) tilbad (colebant) mange (multos) gudar (deos)'
Latinske verb har også ei anna fortidsform, som i tradisjonell grammatikk blir kalla perfektum. Denne forma uttrykkjer ei avslutta, fullført handling, det vi i dag kallar perfektiv preteritum:
- In principio creavit Deus caelum et terram 'I opphavet (in principio) skapte (creavit) Gud (Deus) himmelen (caelum) og (et) jorda (terram)'
I tradisjonell tysk-nordisk grammatikk blei terminologien frå latinske grammatikkar tilpassa til tysk og dei nordiske språka. Termen imperfektum blei teken i bruk om den enkle fortidsforma kjøpte, forsvann, tilbad, skapte og så bortetter. Termen perfektum blei derimot teken i bruk om former med hjelpeverba ha eller vere i presens, som i ho har kjøpt seg ny bil og har er forsvunnen.
Imperfektum i moderne grammatikk
I moderne grammatikkar blir som nemnt den enkle fortidsforma kalla preteritum, mens termen imperfektum blir nytta om verbformer utan hjelpeverba ha eller vere, som vist i denne tabellen:
moderne grammatikk | tradisjonell tysk-nordisk grammatikk | former |
---|---|---|
presens imperfektum | presens | kjøper |
preteritum imperfektum | imperfektum | kjøpte |
presens perfektum | perfektum | har kjøpt |
preteritum perfektum | pluskvamperfektum | hadde kjøpt |
Imperfektum og perfektum i moderne grammatikk utgjer ein grammatisk som ikkje har eit veletablert namn. I ulike grammatikkar kan ein finne mellom anna desse namna:
- retrospektivitet, av latin retrōspicere 'sjå seg tilbake'
- anterioritet, av latin anterior 'som er føre'
Imperfektum-formene beskriv kva som skjer på eit særskilt tidspunkt. Perfektum-formene beskriv ein tilstand som er resultatet av ei tidlegare handling — eller, formulert på ein annan måte, dei beskriv noko som skjedde på eit tidlegare tidspunkt, men som framleis har relevans.
Skilnaden vises i desse to setningane:
- Preteritum imperfektum: Eg mista kniven min i elva.
- Presens perfektum: Eg har mista kniven min.
Setning 1 fortel om noko som skjedde på eit eller anna tidspunkt i fortida. Setning 2 fortel om ein tilstand i notida som er eit resultat av noko som skjedde i fortida.