Front er eit ord som betyr framside eller den fremste delen av noko, til dømes fronten på ein bil, eit hus og liknande.
I militært språk er fronten den fremste stridslina mot fienden.
Denne tydinga kan overførast til det sivile, der ein bestemt del av livet kan bli kalla front i munnleg, uformelt språk, til dømes når ein snakkar om korleis det går på kjærleiksfronten eller på heimefronten.
Ein front kan også brukast om ei gruppe menneske som arbeider mot noko, til dømes det å gjere felles front mot rasisme.
I meteorologi er front framkanten av ein luftmasse med bestemte eigenskapar, til dømes ein kaldfront. Det er også brukt om skilet mellom to luftmassar med ulike eigenskapar.