Versj. 12
Denne versjonen ble publisert av Norsk biografisk leksikon 8. mars 2023. Artikkelen endret 259 tegn fra forrige versjon.

Anfinn Emil Stigen var ein norsk filosof. Han disputerteAristoteles, skreiv ei filosofihistorie og omsette Platon til nynorsk.

Anfinn Emil Stigen var fødd i Ålesund i Møre og Romsdal og døydde i Bærum i Akershus (no Viken). I 1958 endra han etternamn frå Knutsen til Stigen. Han tok examen artium i 1945, vart Master of Arts i filosofi ved University of Chicago i 1953 og mag.art. og cand.philol. med idéhistorie hovudfag ved Universitetet i Oslo i 1954.

I 1966 tok Stigen doktorgraden på ei avhandling om Aristoteles. I åra 1957–1959 var han universitetslektor i Oslo, i 1960–1964 avdelingsleiar ved Institut for filosofi ved Århus universitet, og frå 1964 dosent i filosofi ved Universitetet i Oslo, professor frå 1974.

Stigen skreiv fleire studiar av Aristoteles og gav elles ut mellom anna Betydning og mening, handling og ytring (1967), Gud i moderne filosofi (1968), Arbeid og menneskeverd (1973) og Menneskets frihet (1982). I 1983 kom Tenkningens historie, ei lærebok i filosofihistorie skriven for examen philosophicum.

Han omsette fleire av Platons dialogar frå gresk til nynorsk: Gjestebodet, Sokrates' forsvarstale, Gorgias og Kriton og Faidon.

  • Brynjulv Bleken, Olav Næs, Anfinn Stigen: Doktordisputas om sprogstriden. Oslo 1969
  • Inga Bostad (red.): Filosofi på norsk, bd. 1. Oslo 1995
  • Platon: Gjestebodet. Oslo 1972
  • Knut Erik Tranøy: «Anfinn Stigen», Norsk biografisk leksikon, bd. 8. Oslo 2004