Rune er eit mannsnamn som kjem av det norrøne Rúni som truleg er kortform av Rúnolfr der Rún- tyder ‘hemmeleg kunnskap’.
Etter mellomalderen fanst det berre usikre belegg på Rune før det vart tatt i bruk att rundt år 1900.
Namnedag er 2. juni. Runa har også namnedag denne dagen.
Kjende personar med namnet Rune
Eit utval personar med namnet Rune, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Rune Gerhardsen (1946)
- Bjørn Rune Gjelsten (1956)
- Rune Belsvik (1956)
- Rune Resaland (1956)
- Tor Rune Raabye (1957)
- Rune Gokstad (1958)
- Rune Bjerke (1960)
- Rune Bratseth (1961)
- Rune Jakobsen (1961)
- Rune Christiansen (1963)
- Rune Paulseth (1971)
- Rune Velta (1989)
Namnestatistikk
I perioden 1900–2017 var det omtrent 20000 menn (fødde i Noreg) som hadde Rune som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.