Versj. 5
Denne versjonen ble publisert av Semiautomatisert oppdatering 26. april 2023. Artikkelen endret 0 tegn fra forrige versjon.

Adrian er eit mannsnamn som kjem av det latinske namnet Hadrianus. Det tydde opphavleg ‘mann frå byen Hadria’ (Nord-Italia).

Familien til den romerske keisaren Hadrian (76–138) kom frå byen Hadria.

Namnedag er 4. mars. Ada og Adele har også namnedag denne dagen.

  • Adrian i «Jan van Huysums blomsterstykke» (1840) av Henrik Wergeland.
  • TV-serien om Adrian Mole (1985–1987) er basert på to bøker av Sue Townsend.

Eit utval personar med namnet Adrian, og som er omtalt i Store norske leksikon:

I perioden 1900–2017 var det omtrent 9700 menn (fødde i Noreg) som hadde Adrian som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.