Versj. 4
Denne versjonen ble publisert av Semiautomatisert oppdatering 26. april 2023. Artikkelen endret 0 tegn fra forrige versjon.

Alvilde er eit kvinnenamn som er laga på grunnlag av den latinske forma Aluilda, tatt i bruk av den danske historieskrivaren Saxo.

Alvilde, som er relatert til Alvhild, finst i historisk litteratur på 1800-talet, mellom anna hos Grundtvig (i omsetjing av Saxo).

Namnet har fleire variantar: Alvida, Alvilda, Alvhilda, Alvilde, Alvhilde.

Den fyrste som vart registrert med namnet, var Alvilde Deinball fødd 1814 i Drammen.

Eksempel på ein person med namnet Alvilde som er omtalt i Store norske leksikon:

I perioden 1900–2017 var det omtrent 1200 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Alvilde som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Alvilde i perioden 1900–2017, var det 76 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Alvilde. Dette inneber at 24 prosent hadde Alvilde som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.