Versj. 4
Denne versjonen ble publisert av Semiautomatisert oppdatering 26. april 2023. Artikkelen endret 0 tegn fra forrige versjon.

Gerald er eit toledda engelsk mannsnamn: Ger-ald. Forleddet tyder ‘spyd’ og etterleddet ‘herskar’. Det siste leddet -ald går tilbake til eit opphavleg -vald.

Gerald svarer til det norske Geirvald.

Den fyrste som vart registrert med namnet i Noreg, var fødd i England 1887: Gerald Hudson. Han budde i Aker i 1900.

Eit utval personar med namnet Gerald, og som er omtalt i Store norske leksikon:

I perioden 1900–2017 var det omtrent 130 menn (fødde i Noreg) som hadde Gerald som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.