Versj. 3
Denne versjonen ble publisert av Erik Bolstad 8. juni 2023. Artikkelen endret 182 tegn fra forrige versjon.

ISO 3166 er ein internasjonal standard som definerer kodar for statar, dei oversjøiske område deira og underinndeling av land.

engelsk Codes for the representation of names of countries and their subdivisions

Kodane i standarden er svært utbreidde, og blir brukte til mange ulike føremål. Dei nasjonale toppnivådomena på internett er for eksempel baserte på standarden, for eksempel .no for Noreg, .se for Sverige, .jp for Japan og .pf for Fransk Polynesia. ISO 3166-kodane er òg svært utbreidde i statistikk og datautveksling.

Den fyrste utgåva av ISO 3166 (med alfabetiske landkodar) vart gjeve ut i 1974; i 1981 kom det numeriske landkodar; mellom 1997 og 1999 kom kodane for underinndelingar av land og tidlegare land.

ISO 3166 blir forvalta av ISO 3166 Maintenance Agency i Genève. Kodane blir fastsette av ein komité med medlemer frå standardiseringsorganisasjonane i Frankrike, USA, Storbritannia, Tyskland, Japan, Australia, Kenya, Kina og Sverige; i tillegg til Det internasjonale atomenergibyrået IAEA, Den internasjonale organisasjonen for sivil luftfart ICAO, Den internasjonale teleunionen ITU, Internettselskapet for tildelte namn og nummer ICANN, Den internasjonale postunionen UPU og FNs økonomiske kommisjon for Europa UNECE.

ISO 3166-standarden har tre ulike delar: 1 for land og oversjøiske område, 2 for underinndelingar av land og 3 Tidlegare brukte kodar.

I ISO 3166-1 er det kodar for alle land, dei oversjøiske områda deira og nokre andre område.

Det er definert tre typar kodar for kvart land:

  • Alfa 2: Ein kode på to bokstavar for alle land i verda. Til dømes NO for Noreg, US for USA og BB for Barbados. Det er desse kodane som er absolutt mest utbreidde, og blir til dømes brukt i domenenamn.
  • Alfa 3: Ein kode på tre bokstavar for alle land i verda. Til dømes NOR for Noreg, CYM for Caymanøyane og EGY for Egypt. Desse kodane har som regel betre samsvar mellom landsnamnet og koden.
  • Numerisk: Er ein talkode med tre tal for alle land i verda. Til dømes 578 for Noreg, 004 for Afghanistan og 600 for Paraguay. Desse kodane er lite brukte, men er til dømes eigna i databasar som handterer tal betre enn bokstavar, eller for bruk i språk som har andre alfabet enn det latinske.

Det er tre kodar for Noreg: NO for heile riket, BV for Bouvetøya og SJ for Svalbard og Jan Mayen. BV og SJ er knapt i bruk, sjå artikkelen om Svalbard og Jan Mayen.

Det finst ein del spesialkodar: Den europeiske unionen er til dømes ikkje formelt eit land, men er likevel tildelt koden EU. Storbritannia har koden GB, men bruker i svært mange samanhengar UK. Kosovo har ikkje fått ein eigen kode, men XK er svært utbreidd.

I ISO 3166-2 er det kodar for det øvste administrative nivået i kvart land, til dømes fylka i Noreg, provinsane i Angola eller delstatane i USA.

Kodane startar med ISO 3166-1-alfa 2-koden, ein bindestrek og så ein kode på 1-3 tal eller bokstavar. Oslo har til dømes koden NO-03, Minsk i Belarus har koden BY-MI og OtagoNew Zealand har koden NZ-OTA. Koden etter bindestreken er som regel koden kvart land bruker i dei offisielle oversyna sine, i Noreg er dette fylkesnummera.

I nokre tilfelle finst det både ein ISO 3166-1-kode og ein ISO 3166-2-kode for det same området. Åland har til dømes både kodane AX og FI-01, Svalbard har NO-21 og delar på SJ med Jan Mayen (SJ er knapt i bruk).

Den siste delen av standarden er kodar som ikkje lenger er i bruk, og kva dei er erstatta med.

Nokre døme: BU var for koden for Burma, som no heiter Myanmar og har kode MM. NQ var koden for Dronning Maud Land; denne koden er ikkje lenger i bruk og er erstatta av AQ for Antarktis. DD var koden for Aust-Tyskland, som no er del av Tyskland med koden DE. SU var koden for Sovjetunionen.