Versj. 5
Denne versjonen ble publisert av Gulbrand Alhaug 28. desember 2023. Artikkelen endret 0 tegn fra forrige versjon.

Aune er eit mannsnamn som kanskje er ein variant av Aun med opphav i Audun. Aune kan også gå tilbake til slektsnamnet – og gardsnamnet – Aune.

Rundt Åbo i Finland var Aune brukt som mannsnamn omkring 1900, men i Finland er Aune mest vanleg som kvinnenamn (av Agneta).

Fordi namnet også er eit slektsnamn, stod det på Justisdepartementets liste (1970) over førenamn som ikkje kunne brukast. Dette forbodet er seinare oppheva.

I perioden 1900–2017 var det omtrent 90 menn (fødde i Noreg) som hadde Aune som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.