Versj. 6
Denne versjonen ble publisert av Gulbrand Alhaug 28. desember 2023. Artikkelen endret 385 tegn fra forrige versjon.

Remi er eit mannsnamn som er fransk kortform av latin Remigius som opphavleg var eit tilnamn med tydinga ‘rorskar’.

Namnedag er 1. oktober. og Rebekka har også namnedag denne dagen.

  • Remi er ein heimlaus gut i «Frendelaus» (1878) av Hector Malot. Boka har bl.a. gått som hørespelserie i Barnetimen.

Eit utval personar med namnet Remi, og som er omtalt i Store norske leksikon:

I 2022 var det 1 539 menn i Noreg som hadde Remi som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Det er svært få franske namn blant dei frekvente mannsnamna, til dømes Emil, André, Leon og Remi. André og Remi hadde toppfasen sin i same periode, 1985–1989. Dette er også innanfor toppfasen for dei franske kvinnenamna (1975–2009) med namn som Jeanette og Madeleine.