Versj. 6
Denne versjonen ble publisert av Gulbrand Alhaug 28. desember 2023. Artikkelen endret 470 tegn fra forrige versjon.

Stig, som er eit mannsnamn (av norrønt Stígr), er opphavleg eit dansk tilnamn med tydinga ‘vandrar’.

Stig har særleg vore brukt i adelsslekter. I nyare tid har det vore mykje meir vanleg i Sverige enn i Noreg og Danmark.

Namnedag er 13. september. Stian har også namnedag denne dagen.

Eit utval personar med namnet Stig, og som er omtalt i Store norske leksikon:

I 2022 var det 9 698 menn i Noreg som hadde Stig som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Stig var blant dei hundre mest brukte namnet blant norske menn.

Stig var på topp 1970–1974. Også mange andre einstava nordiske mannsnamn hadde toppfasen sin innanfor perioden 1920–1979, til dømes Bjørn, Dag, Finn, Geir, Jarl, Kjell, Leif/Leiv, Odd, Rolf/Rolv, Stein/Sten, Svein/Svenn og Ulf.