Austin er eit mannsnamn som kan vere samantrekt form av Augustin. Namnet kan dessutan vere ein variant av det sjeldne norske mannsnamnet Audstein.
Austin er også eit engelsk slektsnamn, ein by i Texas og eit britisk bilmerke.
Kjende personar med namnet Austin
Eit utval personar med namnet Austin, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Charles Austin Beard (1874–1948)
- Bruce Austin Fraser (1888–1981)
- Austin Clarke (irsk lyriker) (1896–1974)
- Austin Bradford Hill (1897–1991)
- Austin Clarke (kanadisk forfatter) (1934–2016)
Namnestatistikk
I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 menn (fødde i Noreg) som hadde Austin som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.