Versj. 15
Denne versjonen ble publisert av Erik Bolstad 29. desember 2023. Artikkelen endret 31 tegn fra forrige versjon.

Charles er eit mannsnamn som er engelsk og fransk form av Karl, som opphavleg tydde ‘fri mann’.

Namnedag er 27. april. Charlotte og Lotte har også namnedag denne dagen.

Eit utval personar med namnet Charles, og som er omtalt i Store norske leksikon:

I 2022 var det 692 menn i Noreg som hadde Charles som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 7 gutar som fekk namnet Charles.

Charles hadde toppfasen sin tidleg på 1900-talet, men namnet har ikkje komme tilbake på 2000-talet i motsetning til engelske namn som Arthur, Alfred, Edgar, Edmund, Edvard, Edvin og Henry.

Charles var klart mest brukt i Kristiania. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Sjarles.)