Noah er eit hebraisk mannsnamn som tyder ‘kvile’ eller ‘trøyste’.
Namnet har fleire variantar: Noa, Noah.
Personar med namnet Noah
Kulturell bruk
- Songen «Gubben Noak « (1791) av Carl Michael Bellman. I den norske versjonen av songen heiter han Noa.
Kjende personar med namnet Noah
Eit utval personar med namnet Noah, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Noah Webster (1758–1843)
- Noah Baumbach (1969)
Namnestatistikk
I 2022 var det 6 866 menn i Noreg som hadde Noah som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 400 gutar som fekk namnet Noah, og det var det nest mest populære gutenamnet dette året.
Utvikling i bruk av namnet
Noah er blant dei bibelske namna som vart populære rundt år 2000. Andre døme på bibelske namn med liknande kurveprofil er Adam, Aron, Benjamin, David, Filip, Joakim, Lukas, Markus, Mathias, Mikael og Ruben. Populariteten for slike bibelske namn kan sjåast i samanheng med det internasjonale oppsvinget for desse namna dei siste åra. Stavemåten Noah speglar av uttalen i hebraisk, men ettersom norsk ikkje har h-lyden i utlyd, vil stavemåten Noa vere meir logisk i norsk – på same måte som Sara og Lea i staden for Sarah og Leah.