Versj. 7
Denne versjonen ble publisert av Erik Bolstad 29. desember 2023. Artikkelen endret 31 tegn fra forrige versjon.

Rune er eit mannsnamn som kjem av det norrøne Rúni som truleg er kortform av Rúnolfr der Rún- tyder ‘hemmeleg kunnskap’.

Etter mellomalderen fanst det berre usikre belegg på Rune før det vart tatt i bruk att rundt år 1900.

Namnedag er 2. juni. Runa og Runar har også namnedag denne dagen.

Eit utval personar med namnet Rune, og som er omtalt i Store norske leksikon:

I 2022 var det 18 641 menn i Noreg som hadde Rune som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Rune var blant dei 50 mest brukte namnet blant norske menn. I 2022 var det 4 gutar som fekk namnet Rune.

Tostava namn som endar på -e, er ein typisk nordisk namnetype, for av dei nærmare 50 mest vanlege namna av denne typen er det berre eitt utanlandsk, det tyske Heine. Dei fleste namna av denne typen hadde ein toppfase som låg innanfor perioden 1945–1979. Dette gjeld til dømes Are, Arve, Atle/Asle, Bjarte, Børge, Frode, Gisle, Helge, Inge, Jarle, Ove, Rune, Ståle, Terje, Yngve og Åge.

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.