Versj. 8
Denne versjonen ble publisert av Erik Bolstad 12. juni 2024. Artikkelen endret 0 tegn fra forrige versjon.

Anfinn er eit mannsnamn. Det er ein variant av Arnfinn som går tilbake til det norrøne Arn-finnr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘ørn’ og etterleddet ‘same’.

Namnet har fleire variantar: Anfin, Anfinn, Annfinn, Arnfin, Arnfinn.

Eit utval personar med namnet Anfinn, og som er omtalt i Store norske leksikon:

I perioden 1900–2017 var det omtrent 520 menn (fødde i Noreg) som hadde Anfinn som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.