Versj. 8
Denne versjonen ble publisert av Erik Bolstad 12. juni 2024. Artikkelen endret 0 tegn fra forrige versjon.

Anved er eit mannsnamn. Det er ein variant av Arnvid som går tilbake til det norrøne Arn-viðr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘ørn’ og etterleddet ‘ved’ (substantivet).

Namnet har fleire variantar: Anve, Anved, Arnvid.

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 menn (fødde i Noreg) som hadde Anved som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.