Enevald er eit toledda mannsnamn som er innlånt frå svensk, eventuelt dansk, på 1400-talet: Ene-vald. Forleddet tyder ‘aleine, eineståande’ og etterleddet ‘herskar’.
Namnet har fleire variantar: Enevald, Enevold.
Namnestatistikk
I perioden 1900–2017 var det omtrent 50 menn (fødde i Noreg) som hadde Enevald som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Geografisk variasjon på 1800-talet
Enevald var eit spesielt namn for Rogaland. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Eneval.)
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.