Versj. 8
Denne versjonen ble publisert av Erik Bolstad 13. juni 2024. Artikkelen endret 0 tegn fra forrige versjon.

Unn er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Unnr. Namnet er truleg laga til verbet unna som tyder ‘elske’.

Namnedag er 28. desember. Une, Une og Unni har også namnedag denne dagen.

  • I norrøn mytologi er Unn ei av døtrene til havguden Æge.
  • Ungjenta Unn på Hamarrbø i «Det blåser fra Dauingfjell» (1934) av Trygve Gulbranssen.
  • Unn i «Is-slottet» (1963) av Tarjei Vesaas.

Eit utval personar med namnet Unn, og som er omtalt i Store norske leksikon:

I 2022 var det 1 417 kvinner i Noreg som hadde Unn som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Dei fleste namna med berre éi staving er nordiske. I tillegg til Unn, med topp 1960–1964, gjeld dette til dømes Aud, Bjørg, Gerd, Gro, Gry, Gunn, Liv og Siv. Dei fleste har – til liks med Unn – ein kurveprofil med topp innanfor perioden 1935–1974.