Versj. 8
Denne versjonen ble publisert av Erik Bolstad 13. juni 2024. Artikkelen endret 0 tegn fra forrige versjon.

Olger er eit mannsnamn som kan oppfattast som eit toledda namn, Ol-ger, med Ol- frå til dømes Ole og -ger frå til dømes Torger. Olger kan også vere halvemålsform av Holger, noko som her inneber at [H]-en i framlyd har falle bort.

  • «Kong Olger Danskes Krønike» (1534).

I perioden 1900–2017 var det omtrent 110 menn (fødde i Noreg) som hadde Olger som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.