Ingebrigt er eit mannsnamn som er norsk form av det tyske Engel-brekt. Forleddet tyder ‘anglar (folkestammen)’ og etterleddet ‘lysande’.
Namnet har fleire variantar: Ingebret, Ingebreth, Ingebrigt, Ingebrikt.
Namnedag er 7. november. Ingelin har også namnedag denne dagen.
Kjende personar med namnet Ingebrigt
Eit utval personar med namnet Ingebrigt, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Ingebrigt Belle (1773–1845)
- Ingebrigt Haldorsen Sæter (1800–1875)
- Ingebrigt Christian Lund Holm (1844–1918)
- Ingebrigt Hagen (1852–1917)
- Ingebrigt Andreas Fjørtoft (1859–1927)
- Ingebrigt Vik (1867–1927)
- Ingebrigt Davik (1925–1991)
- Ingebrigt S. Sørfonn (1950)
- Ingebrigt Steen Jensen (1955)
- Ingebrigt Håker Flaten (1971)
Namnestatistikk
I 2022 var det 330 menn i Noreg som hadde Ingebrigt som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Utvikling i bruk av namnet
Ingebrigt, ei lydleg justering på norsk grunn av det tyske Engelbrekt, har ein struktur som liknar på samansette nordiske namn med forleddet Inge-, til dømes Ingemund. Med toppfasen sin i perioden 1900–1904 kjem Ingebrigt i selskap med ei stor gruppe samansette nordiske namn med toppfase frå 1890-åra til 1960-åra, til dømes Arnfinn, Arnulf, Asbjørn, Dagfinn, Gudmund, Jostein, Kolbjørn, Oddbjørn, Oddvar, Ragnvald, Sigmund og Torbjørn.