Versj. 13
Denne versjonen ble publisert av Semiautomatisert oppdatering 18. september 2024. Artikkelen endret 0 tegn fra forrige versjon.

Avling er den delen av kulturplantane som blir hausta og utnytta vidare til menneskemat eller fôr. Storleiken på ei avling blir vanlegvis målt i kilogram per dekar (kg/daa).

Både mengda og kvaliteten på avlinga avgjer kor vellukka ein vekstsesong har vore. Evna jordsmonnet har til å forsyne plantane med næring, klima, lengda på vekstperioden og agronomisk dyktigheit påverkar resultatet. Dei seinare åra har lengre vekstsesong på grunn av klimaendringar ført til større avlingar, men eit varmare, villare og våtare klima har også ført til større risiko for avlingstap.