Ulla-Lena Lundberg er ein finlandssvensk forfattar, antropolog og religionsvitar. Ho er kjend for historiske romanar, dokumentarbøker og personlege reiseskildringar frå fleire delar av verda. Ho skriv også lyrikk og høyrespel.
Saman med Anni Blomqvist og Sally Salminen er ho den store skildraren av Ålands landskap og historie.
Bakgrunn
I 1967 tok Lundberg examen artium ved Pargas svenska samskola. Ho tok magistergraden ved Åbo Akademi i 1985, med faga nordisk etnologi og religionsvitskap. I 1993 vart ho utnemnd som æresdoktor ved Åbo Akademi.
Som ung var Lundberg frilansar i dei svenske programma i Finlands rundradio, og i 1986–87 var ho gjesteførelesar ved universitetet i Minnesota, Minneapolis. Ho var statleg kunstnarprofessor i 1994–99. Elles har ho arbeidd som fri forfattar.
Forfattarskap
Allereie som 15-åring debuterte Lundberg som forfattar, med diktsamlinga Utgångspunkt. Ho har skrive romanar og fagbøker, og mange av dei speglar interessene hennar for bergkunst, arkeologi, biletkunst og fugletitting.
Antropologistudiar i Søraust-Afrika resulterte i novellesamlinga Tre afrikanska berättelser (1977), dokumentarboka Öar i Afrikas inre (1981) og romanane Sand (1986) og Regn (1997).
Romantrilogien Leo (1989), Stora världen (1991) og Allt man kan önska sig (1994) handlar om framvoksteren av skipsfarten på Åland, om harde tider, forlis, død, men også om kjærleik, fødsel og framgang. Trilogien tek føre seg korleis skipsfarten gjennom ulike former og tidsfasar har prega det ålandske samfunnet, og trilogien er på fleire måtar ein tidstypisk studie av sosiale nettverk i oppløysing.
I romanene Kungens Anna (1982) og Ingens Anna (1984) skildrar ho ei ung kvinne si utvikling frå oppvekst på Kökar til studiar i Stockholm.
Romanen Marsipansoldaten (2001) er blant anna ei skildring av Finlands historie og historia til ei slekt under Vinterkrigen og framhaldskrigen.
Blant dei tjuetals bøkene (romanar og fagbøker) ho har skrive, kan ein også nemne prosabøkene Strövtog (1966) og En berättelse om gränser (1968), dokumentarboka Kökar (1976), som skildrar heimbygda; reiseboka Sibirien. Ett självporträtt med vingar (1992), essayboka Jägarens leende (om bergkunst) (2010), romanen Is (2012) og tekstdelen i bokverket om barken Herzogin Cecilie, Hertiginnan och kaptenskan (2017).
Is
I fleire av bøkene er Kökar og Åland ein klar referansebotn. Dette gjeld ikkje minst i romanen Is. Handlinga utspelar seg på den fiktive staden Örarna på Åland, der familiefaren har fått eit prestekall. Isen som tittelen viser til, er både eit konkret fenomen som dels bind folk på øyane saman, dels kan splitte dei når isen er utrygg, og eit psykisk skilje mellom dei to ulike grupperingane i kyrkjelyden.
Utmerkingar
Lundberg har fått ei lang rekkje litterære prisar, blant dei fleire frå Svenska litteratursällskapet i Finland, mellom anna Karl Emil Tollanders pris i 2011. Dessutan har ho fått Svenska Akademiens Finlandspris i 1990, Tack för boken-medaljen i 1990, Pro Finlandia-medaljen i 1990, Runebergsprisen i 1998, Svenska kulturfondens stora pris i 1998, Folktingsmedaljen i 1999, Tidskriften Vi:s litteraturpris i 2002 og Finlandiaprisen i 2012. Ho har heile fem gonger vore nominert til Nordisk råds litteraturpris, med ein dobbeltnominasjon frå Finland og Åland i 2013, for romanen Is.