Versj. 26
Denne versjonen ble publisert av Filip Rotnes 21. februar 2025. Artikkelen endret 1 tegn fra forrige versjon.

Tamarind er eit tropisk tre i erteblomfamilien. Frukta blir brukt i matlaging, først og fremst i India og Søraust-Asia, der krydderet blir brukt i marinadar, chutneyar, karrirettar og supper. Skolma kan mosast og blir særleg bruka i sausar, mellom anna worcestersaus.

Planta er eit eviggrønt, tropisk tre som blir opptil 20 meter høgt.

Blada er finnete og har opptil 40 småblad. Blomane er gule og veks i små klasar. Belgfruktene er brune, opptil 10 centimeter lange, og inneheld mange frø og ein syrleg, klissete fruktmasse.

Tamarind stammar frå tropisk Afrika, men blir dyrka og finst forvilla overalt i tropane.

Frukta blir brukt i matlaging, frøa er etande, og skolma kan mosast og er særleg brukt i sausar. Tamarind er hovudsmakstilsetninga i worcestersaus. Blokker av tørka tamarindpasta blir mykje brukt i asiatisk mat. Smaken er sursøt, fruktig og skarp.

Tamarind blir først og fremst nytta i India og Søraust-Asia. Krydderet blir brukt i marinadar, chutneyar, curryrettar, supper, sausar, til kjøt, kylling, ris- og grønsaksretter, og til belgfrukter som linser, erter og bønner, men også i søtsaker og drikker.

Tamarind gir både smak og farge til maten. Dei tørka fruktene blir mykje brukte i sørindisk matlaging, medan dei i Indonesia og Vietnam også bruker frisk, umoden tamarind. Desse har ein meir syrleg og mindre fruktig smak. Tørka tamarind må leggjast i bløyt før bruk.

Treet har sterk og hard ved med mørk kjerneved som gir verdifullt tømmer.

Opphavleg kjem tamarindtreet frå det austlege Afrika, og framleis veks det somme stader naturleg i Sudan. Men treet vart innført til India for så lenge sidan at det ofte blir omtalt som heimehøyrande der, noko namnet også speglar: Både Indian date og tamarind, som kjem frå arabisk «tamar hindi», betyr ‘indisk daddel’.

Frukta var velkjend hos dei gamle grekarane lenge før vår tidsrekning, og på 1600-talet tok spanske og portugisiske kolonistar treet med seg til Sør- og Mellom-Amerika, der bruken av frukta etter kvart har vorte teken opp i lokale mattradisjonar.

Innan folkemedisinen har tamarind vorte brukt til mellom anna sårheiling og som avføringsmiddel.