Imperfektum er en grammatisk term som er nær knytt til verbet. Han blir nytta på ulike måtar i moderne lingvistikk, tysk-nordisk tradisjon og klassisk tradisjon. Dei tre bruksmåtane er forklarte nedanfor, der termar som er nytta på ein annan måte enn i moderne lingvistikk, blir skrivne i hermeteikn («…»).
Imperfektum må ikkje blandast saman med imperfektiv, som er eit aspekt.
Moderne lingvistisk tradisjon
I moderne lingvistisk tradisjon er imperfektum og perfektum trekk i ein grammatisk kategori som ikkje har noko etablert namn, men som kan kallast retrospektivitet. Moderne grammatikkar for både tysk, nordiske språk og samiske språk følgjer denne terminologien, og tabell 1 viser korleis han blir nytta i norsk og nordsamisk (dei nordsamiske formene tyder det same som dei norske):
Tabell 1
. | presens | preteritum |
imperfektum |
eg kjøper oasttán |
eg kjøpte osten |
perfektum |
eg har kjøpt lean oastán |
eg hadde kjøpt ledjen oastán |
Ofte blir termen imperfektum utelaten, slik at kjøper / oasttán og kjøpte / osten berre blir kalla høvesvis presens og preteritum.
Imperfektum blir i denne moderne lingvistiske tradisjonen nytta om ein situasjon som er samtidig med referansetidspunktet; han er ikkje-retrospektiv (ikkje attendeskodande). Perfektum blir derimot nytta om ein situasjon som er avslutta før referansetidspunktet, men som framleis har relevans på referansetidspunktet; han er retrospektiv (attendeskodande). Sjå ei meir fullstendig framstelling i artikkelen perfektum.
Tysk-nordisk tradisjon
I tradisjonelle grammatikkar for tysk og nordiske språk blir termen «imperfektum» nytta om verbformer som tysk kaufte ‘kjøpte’ og norske verbformer som kjøpte. «Imperfektum» svarar her til preteritum imperfektum i moderne lingvistisk tradisjon.
I dette tradisjonelle tysk-nordiske systemet står «imperfektum» i motsetnad til «perfektum», som då er namnet på former som tysk hat gekauft ‘har kjøpt’ og og norske former som har kjøpt – former som blir kalla presens perfektum i moderne lingvistisk terminologi.
Dei tradisjonelle namna på dei fire verbformene i tabell 1 er jamførte med dei moderne lingvistiske termane i tabell 2:
Tabell 2
moderne lingvistikk | tysk-nordisk tradisjon | former |
---|---|---|
presens (imperfektum) | «presens» | kjøper |
preteritum (imperfektum) | «imperfektum» | kjøpte |
presens perfektum | «perfektum» | har kjøpt |
preteritum perfektum | «pluskvamperfektum» | hadde kjøpt |
Samisk og finsk
Den tradisjonelle tysk-nordiske bruken av «imperfektum» og «perfektum» finn ein òg i tradisjonelle samiske og finske grammatikkar. På nordsamisk er då «imperfektum» (nordsamisk imperfeakta) namnet på former som osten ‘eg kjøpte’ og «perfektum» (nordsamisk perfeakta) namnet på former som lean oastán ‘eg har kjøpt’. Dei tilsvarande finske formene er ostin ‘eg kjøpte’ (finsk imperfekti) og olen ostanut ‘eg har kjøpt’ (finsk perfekti).
Klassisk tradisjon
I tradisjonell latin og klassisk gresk grammatikk blir termen «imperfektum» nytta om verbale bøyingsformer som latin complēbam og klassisk gresk ἐπλήρουν eplḗroun, som begge tyder ‘eg fylte’.
«Imperfektum» svarar her til preteritum imperfektiv i moderne lingvistisk terminologi. Preteritum er eit tempus, og imperfektiv er eit aspekt. Eit verb i imperfektiv viser til ein situasjon som ikkje er avslutta på det tidspunktet ein snakkar om, og det kan tolkast habituelt eller progressivt. På norsk bøyer vi ikkje verbet i aspekt, men vi kan få fram imperfektiv tyding ved å seie slikt som eg pla fylle (habitualis) og eg dreiv og fylte (progressiv).
I grammatikkar over moderne romanske språk blir termen «imperfektum» nytta på same måten som i grammatikkar over klassisk gresk og latin. Dei italienske setningane i (1) og (2) illustrerer både den habituelle og den progressive bruken (IMPRF = «imperfektum», PRF = «perfektum», BA = bunden artikkel):
Habituell
(1) Ci venivo ogni giorno.
dit eg.kom.IMPRF kvar dag
‘Eg kom ( = pla kome)dit kvar dag.’
Progressiv
(2) Mentre io leggevo arrivò il professore.
medan eg sov.IMPRF kom.PRF BA lærar.
‘Medan eg (dreiv og) las, kom læraren.’
I latin og dei romanske språka står «imperfektum» i motsetnad til «perfektum», ei form med tydinga preteritum perfektiv i moderne lingvistisk terminologi. Perfektiv er eit aspekt og uttrykkjer ein avslutta heilskap. «Perfektum» er illustrert med italiensk arrivò ‘ho/han kom’ i setning (2). Ei latinsk «perfektum»-form er til dømes complēvī ‘eg fylte’.
I klassisk gresk er systemet noko annleis, og «imperfektum» ἐπλήρουν eplḗroun ‘eg fylte’ står i motsetnad til «aorist» og «perfektum» – i moderne lingvistisk terminologi høvesvis preteritum perfektiv og presens perfektum. Έπλήρωσα eplḗrōsa ‘eg fylte’ er ei «aorist»-form og πεπλήρωκα peplḗrōka ‘eg har fylt’ er ei «perfektum»-form.