Han debuterte med Det svarte berget i 1965. Det er naturdikt med ein eksistensiell undertone. Samlinga Hjulet og hjarta (1975) har den same kombinasjonen naturbilete og livsalvor, litt i slekt med lyrikken til Tarjei Vesaas. I Slipesteinen (1986) handlar det om barndom og oppvekst i Nordland i eit forsøk på å halda fast barnets særlege opplevingsmåte.
Han blei tildelt Blixprisen i 1978.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.