Grytten er ein tidlegare kommune i Møre og Romsdal. Den vart oppretta i 1837 ved innføringa av det lokale sjølvstyret og omfatta då heile Romsdalen frå fylkesgrensa mot Oppland til Åndalsnes, og dessutan områda rundt inste del av Romsdalsfjorden med den inste armen Isfjorden. I 1900 vart Hen, som bestod av områda rundt Isfjorden, skilt ut som eigen kommune.
Faktaboks
- Etymologi
- ‘steineng’
Grytten vart i 1964 saman med Hen, Voll, Eid og det meste av Veøy (sjå Veøya) slått saman til den nye kommunen Rauma. Grytten var ved samanslåinga 797 km2 og hadde 3655 innbyggjarar.
Grytten er i dag eit sokn som utgjer nedre del av Romsdalen med Åndalsnes og har 2814 innbyggjarar (2015).
Namnet kjem av norrønt Grýtin, gardsnamn, av grjót, 'stein', og vin, 'naturleg eng'.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.