Ivar Eskeland var ein norsk filolog og litteraturkritikar.
Eskeland var generalsekretær i Noregs Mållag frå 1955 til 1956 og leier frå 1960 til 1963. I tillegg hadde han desse stillingane:
- Teaterkonsulent ved Det Norske Teatret 1960–1965
- Direktør for Nordens Hus i Reykjavík 1968–1972
- Leiar for Sekretariatet for nordisk kulturelt samarbeid 1972–1974
- Leiar i Norsk Litteraturkritikarlag 1975–1981
- Forlagssjef i Forlaget Atheneum 1985–1986
- Leiar for Norsk Oversetterforening 1965–1968 og 1978–1986
- Leiar for Noregs Kunstnarråd 1992–1994
- Statsstipendiat frå 1976.
Han har gitt ut mellom anna bøkene Halldór Kiljan Laxness. Menneske og motiv (1955) og Så seier soga (saman med Jon Leirfall, 1970). Han var også aktiv som omset med meir enn 120 omsetjingar til bokmål og nynorsk. Han gjorde også ein stor innsats for å formidle kunnskap om islandsk kultur og litteratur.
Eskeland var ein fritalande og humoristisk kåsør, noko som mellom anna er tydeleg desse bøkene:
- Den norske folkesjel (1983)
- Den norske folkespegel (1984)
- Den norske oljesjel (1985)
- Ha ein gløgg dag! (1991)
Han gav også ut så ulike biografiar som Du store alpakka. Soga om Gisle Straume (1987) og Snorri Sturluson (1992), som også er gitt ut på engelsk).
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.