Klokkarvik er ein tettstad i Øygarden kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,7 km², og har 731 innbyggjarar (2023).
Tettstaden ligg ved Lerøyosen, som er sundet mellom Sotra og Lerøyna utanfor.
Tettstaden har bilferjesamband med Hjellestad på Bergenshalvøya (riksveg 555/556).
I Klokkarvik stod Sund kyrkje frå 1877. Denne brente ned i 1994, og ei ny kyrkje vart vigsla i 1997.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.