Vestoppland er eit område vest for Mjøsa i fylka Innlandet og Akershus, og omfattar Toten, Gjøvik, Hadeland og Land.
Faktaboks
- Også kjend som
-
Vest-Oppland
Namnet kjem av den historiske landsdelen Opplandene, seinare Oplandenes Amt, som hadde om lag same utstrekning som dagens Innlandet fylke. Før regionreforma i 2020 låg heile Vestoppland i Oppland fylke. Lunner og Jevnaker vart overført til Viken fylke, og deretter Akershus fylke, i samband med reforma.
Vestoppland omfattar åtte kommunar:
- Toten: Østre Toten og Vestre Toten
- Hadeland: Jevnaker, Lunner og Gran
- Land: Søndre Land og Nordre Land
- Gjøvik
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.