Abjad er ein type skriftsystem der kvar bokstav står for ein konsonant. Vokalane vert ikkje skrivne til vanleg, og lesaren må leggja til dei korrekte vokalane sjølv.
Faktaboks
- Uttale
-
abdsjad
- Også kjend som
-
konsonantskrift, konsonantalfabet
Ordet abjad vert hovudsakleg bruka om dei vestsemittiske skriftsystema, som til vanleg vert omtala som «alfabet»: det fønikiske, det hebraiske, det arabiske, og så vidare.
Termen vart innført i 1990 av lingvisten Peter T. Daniels. Namnet kjem av dei fyrste fire arabiske bokstavane (i den tradisjonelle rekkjefylgda), som svarar til ljodane a, b, dsj og d. Somme lingvistar reknar abjadar som særtilfelle av alfabet, medan andre ser på dei som ein eigen type skriftsystem.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.