Bufar er det å flytte til ein ny bustad med gods og buskap.
Uttrykket blir særleg brukt om buføring, det vil seie å flytte til og frå sætra med buskapen. Dagen dette skjer, blir kalla bufardagen. Bufardagen er ofte fastsett etter gamal sedvane for kvar gard eller grend. Då vart det gjerne traktert med bufargraut eller annan bufarmat.
I nyare tid er uttrykket oftast brukt om flytting frå sætra.
Bufar kan mellom anna også heite buferd, bufær, buføring.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.