Diglossi er det at to ulike språk, eller forskjellige variantar av same språk, blir brukt på ulike område i same samfunn. I eit diglossisk samfunn vil det vere venta at folk kodevekslar mellom to (eller fleire) ulike språk i kvardagen sin.

Faktaboks

Uttale

diglossi

Etymologi
av gresk ‘to språk’

Omgrepet diglossi brukast berre om dei tilfella der kodevekslinga føregår systematisk, på samfunnsnivå.

Diglossi er ganske vanleg i mange land. I arabisktalande land bruker ein klassisk arabisk i religiøse samanhengar og i skulen, og moderne arabisk (altså ulike moderne arabiske talespråk) blir brukt elles i samfunnet. I mange europeiske land er det vanleg å bruke eit standardtalemål i formelle samanhengar (med framande, på skulen, i offentleg tale, på kontor, i telefonen) og ein lokal dialekt i uformelle samanhengar (til dømes med familie og vennar).

Språklege minoritetar, for eksempel samane i Noreg, vil ofte leve i ein diglossisk språksituasjon der minoritetsspråket blir brukt i familien og i nærmiljøet, medan majoritetsspråket blir brukt i situasjonar der ein kommuniserer med folk utanfor nærmiljøet.

Les meir i Store norske leksikon