Heliks er ei kurve i rommet som ligg på ein sylinder (sylindrisk heliks) eller på ei kjegle (kjegleheliks).
Ein sylindrisk heliks skjer loddrette linjer på sylinderen med konstant vinkel α (alfa). Ein kjegleheliks skjer generatrisane til kjegla (rette linjer frå kjeglas toppunkt til grunnflata) med konstant vinkel α.
Fleire biologiske molekyl har heliksstruktur, mellom anna DNA-et.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.