Hen er eit kjønnsnøytralt pronomen i tredje person eintal. Det kan brukast der kjønnet er ukjent, og då i staden for ho/han eller vedkomande. Det kan også nyttast der kjønn ikkje har noko å seie, eller om personar som ikkje definerer seg som mann eller kvinne.
For å omtale ein person som ikkje ønskjer å definerast som mann eller kvinne, begynte somme å ta i bruk det personlege pronomenet hin. Dette blei etter innspel frå Språkrådet endra til hen.
Pronomenet hen har vore meir utbreidd i bruk i Sverige og blei teke inn i Svenska Akademiens ordlista i 2015. Ordet blei teke inn i Det Norske Akademis ordbok i 2017. Hen er meint å vere kjønnsnøytralt eller kjønnsmangfaldig, og eit tillegg til han og ho.
Kommentarar (7)
skreiv Sverre Olav Lundal
svarte Esben Esther Pirelli Benestad
svarte Georg Kjøll
skreiv Gjert Kristoffersen
svarte Gunn Hild Lem
skreiv Jan Sverre Knudsen
Jeg forstår ikke "kjønnsmangfaldig" i denne artikkelen. Hen kan jo vise til flere ulike kjønn men sier ikke noe om hvilket. Da er vel betydningen dekket godt nok av "kjønnsnøytralt".
svarte Erik Bolstad
Jeg er enig. Takk!
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.