Kappa, κ (minuskel), Κ (majuskel) er den tiande bokstaven i det greske alfabetet og svarar til k i det latinske alfabetet. Uttala av κ i moderne gresk er som [k] eller [c], avhengig av den etterfylgjande vokalen.
Κ/κ vert transkribert som k i norsk og mange andre språk.
Kappa har verdien 20 i det greske talsystemet.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.