Kreasjonisme er ei trusretning som er basert på overtydinga om at universet, verda og alt liv er skapt slik Bibelen beskriv det. Kreasjonismen vann fram blant fundamentalistiske kyrkjesamfunn i USA i 1920-åra, i opposisjon til Charles Darwins lære og den moderne evolusjonsteorien.
I seinare år har kreasjonismen og kreasjonistiske synspunkt vunne ny støtte blant konservative kristne i USA og ein del andre land, særleg i Tyrkia og i Aust-Europa. Kreasjonisme opptrer mellom anna under namnet intelligent design, som føreset at det er ein plan bak korleis naturen er innretta.
I Skandinavia er kreasjonismen eit meir marginalt fenomen. Kreasjonismen finst i enkelte kristne miljø, særleg pinserørsla og i adventistiske kirker, men dei fleste kristne ser ingen motsetnad mellom evolusjonsteori og kristendom.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.