Sotskogtrost er ein middels stor sporvefugl i trostefamilien og har naturleg utbreiing i Sør- og Mellom-Amerika.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Catharus fuscater
- Beskriven av
- (Lafresnaye, 1845)
Som vaksen er fuglen ca. 18 cm lang og veg rundt 34 gram.
Arten er knytt til tropisk fjellskog, fuktig tropisk skog, og elvar og bekker. Sotskogtrost lever av virvellause dyr (invertebratar) og frukt som han finn på bakken og i skogen.
I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.