I medisinen er endemisk sjukdom ein sjukdom som stadig opptrer innan eit avgrensa geografisk område. Området kan vere større eller mindre, og den endemiske sjukdomen opptrer hyppigare her enn andre stader, men ved ein endemi er smitten konstant 1 til 1. Eit smitta individ smittar eit anna individ, men ikkje fleire. Me seier at reproduksjonen, eller rettare, det basale reproduksjonstalet (R0) er 1.
Talet seier noko om kor fort sjukdommen spreiar seg i folkesetnaden. Når (R0) er ein, vil talet på sjuka på det næraste halda seg konstant om det ikkje kjem til nye sjuke utanifrå.
Ordet vert også brukt både om infeksjonssjukdomar (tuberkulose i mange land, malaria i tropane, ulike geografisk prega tarmparasittar) og om andre sjukdomar. Nemninga endemisk sjukdom vert delvis brukt som motstykke til epidemisk sykdom, og endemi som motstykke til epidemi.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.