Nord-Aurdal er ein kommune i Innlandet fylke, midt i Valdres omkring Strondafjorden og øvre del av Begna. Nord-Aurdal grensar i sør til Sør-Aurdal og Gol kommune, i nord til Vestre og Øystre Slidre, i aust til Gausdal, Nordre Land og Etnedal kommune.
Natur
I sørvest skrånar ein jamn fjellvidde ned mot Tisleifjorden (821–809 moh.), her er store setergrender på fruktbar fyllitt. I nordaust er fyllitten dekka av sandstein (sparagmitt), terrenget er her meir kupert. Begna er skåre djupt ned og går i trange stryk mellom vide bekker.
Befolkning og busetjing
Den største delen av busetjinga finnes i hovuddalføret, med tettstadane Fagernes og Leira ved Strondafjorden og Aurdal noko lenger mot søraust. Administrasjonssenteret Fagernes er det viktigaste senteret for handel og tenesteyting i Valdres. Nord-Aurdal hadde vekst i folketalet i 1960- og 1970-åra, men etter 1980 har folketalet vore svakt synkande. I tiårsperioda 2009–2019 har folketalet vore uforandra.
Næringsliv
Frå å vere ein opprinnelig jord- og skogbrukskommune har Nord-Aurdal utvikla seg til ei viktig tenesteytande kommune både for turistar og befolkninga i Valdres. Offentleg, sosial og privat tenesteyting, varehandel og hotellverksemd er viktigast for sysselsetjinga i kommunen. Det er stor turisttrafikk, med naturen som viktigaste trekkplaster. Mange turistanlegg finnast på Fagernes og fleire stadar i fjellet på begge sider av hovuddalen. Primærnæringane betyr framleis ein del, og hovudvekten ligg på jordbruk med husdyrhold. Industrien er variert, og særleg viktig er næringsmiddelindustrien og grafisk industri. Leira har noko handel og grossistverksemd.
Nord-Aurdal er ein mellomstor kraftkommune, med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 570 gigawattimer (GWh) per 2016. Det er seks kraftverk i kommunen, med høgaste fallhøgde på 442 meter. Kraftverket med høgast snittproduksjon er Åbjøra kraftverk (i drift frå 1951).
Avisa Valdres kjem ut fire gongar i veka på Fagernes.
Samferdsel
Fagernes var tidlegare endestasjon for Valdresbanen frå Eina (nedlagd for persontrafikk i 1989). E16 (stamveg mellom Aust- og Vestlandet), går gjennom kommunen. Frå Fagernes går Fv. 51 nordover Øystre Slidre og over Beitostølen og Valdresflye til Vågå. Frå Leira går Fv. 51 sørvestover til Gol, og det er fylkesvegsamband austover via Etnedal til Lillehammer og Gjøvik. Fagernes lufthavn, Leirin, ligg nord for administrasjonssenteret. Fagernes Skysstasjon er hovudknutepunkt for gods- og passasjertrafikken i Valdres.
Administrativ inndeling og offentlege institusjonar
På Leira ligg Valdres vidaregåande skule og Valdres folkehøgskule.
Nord-Aurdal høyrer til Innlandet politidistrikt, Vestre Innlandet tingrett og Eidsivating lagmannsrett.
Kommunen er med i regionrådet Valdresrådet saman med Etnedal, Sør-Aurdal, Vang, Vestre Slidre og Øystre Slidre.
Nord-Aurdal kommune svarer til dei seks sokna Aurdal, Skrautvål, Svenes, Tingnes, Tisleidalen og Ulnes i Valdres prosti (Hamar bispedømme) i Den norske kyrkja.
Mot slutten av 1800-talet høyrde Nord-Aurdal til Valdres fogderi i Kristians amt.
Delområde og grunnkrinsar i Nord-Aurdal
For statistiske formål er Nord-Aurdal kommune (per 2016) delt inn i tre delområde med til saman 38 grunnkrinsar:
- Skrautvål: Nord-Etnedal, Skrautvål, Sebu, Døvre, Ranheim, Døvrismørke, Fagernes nord-Husaplassen, Fagernes nord-Skrautvålsvegen, Fagernes vest-Nes, Fagernes sentrum, Fagernes øst-Tveit, Fagernes sør-Håvelsrud, Fagernes sør-Moaskogen, Leira nord-Føssebrøtin, Leira sør-Måno, Skavelden, Skrautvål Heimås, Skrautvål sameie
- Aurdal: Aurdal nord-Bø, Aurdal sør-Sørei, Aurdal vest-Sagbråten, Bjørgo, Lien, Tisleidalen, Vestringsbygda, Åbjør, Vestringsbygda sameie, Svennes sameie, Aurdalsåsen
- Svennes: Østre Ulnes, Fodnes, Strand, Hådem, Lo, Rye, Vestre Ulnes, Hippe, Ulnes sameie
Historikk og kultur
På Fagernes ligg friluftsmuseet Valdres folkemuseum, som er landets fjerde største museum i sitt slag med blant anna utstillingar av folkedrakter og gamle handverkstradisjonar. Kvart år i juli arrangerast det store folkemusikkstemnet Jørn Hilme-stemnet på Fagernes. Ulnes kyrkje er ei langkyrkje i stein, bygd rundt år 1200 og påbygd 1891–1994. Aurdal, Skrautvål og Strand kyrkjer er alle frå 1700-talet. Valdres Skisenter i Skrautvål med skiskytebane. Valdres Alpinsenter i Aurdal. Langs elva Fasle finnast fleire gravrøyser frå bronsealderen.
Kommunevåpen og namn
Kommunevåpenet (godkjent i 1985) har tre blå fembladingar, to over ein, mot ein gullfarga bakgrunn. Dette viser på blomen snøsøte.
Namnet kjem av eit bortkome elvenamn Aura, ‘gruselva’.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Litteratur
- Valdres bygdebok, 1954-, 8 b.