Frå å vere ein opphavleg jord- og skogbrukskommune har Nord-Aurdal utvikla seg til ein viktig tenesteytande kommune både for turistar og befolkninga i Valdres. Offentleg, sosial og privat tenesteyting, varehandel og hotellverksemd er viktigast for sysselsetjinga i kommunen.
Det er stor turisttrafikk, med naturen som viktigaste trekkplaster. Mange turistanlegg finst på Fagernes og fleire stader i fjellet på begge sider av hovuddalen. Nord-Aurdal er ein av landets største hyttekommunar, med 4831 hytter og fritidsbustader (2024). Primærnæringane betyr framleis ein del, og hovudvekta ligg på husdyrhald. Industrien er variert, og særleg viktig er næringsmiddelindustrien og grafisk industri. Leira har noko handel og grossistverksemd.
Nord-Aurdal er kommunen med femte størst vasskraftproduksjon i Innlandet, og er ein middels stor kraftkommune på landsbasis. Dei fem vasskraftverka i kommunen produserer til saman 636 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Åbjøra (i drift fra 1951), som står for om lag nitti prosent av vasskraftproduksjonen. Andre store kraftverk er Faslefoss (1980) og Fossbråten (2014). Skagerak Kraft er hovudeigar av om lag nitti prosent av vasskraftproduksjonen i kommunen. Nest største eigar er Hafslund ECO Vannkraft med om lag ein tiandedel.
Avisa Valdres kjem ut fire gonger i veka på Fagernes.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.